fbpx

Min reise gjennom Miss Universe Norway

Min reise gjennom Miss Universe Norway

Det heile starta med ein drøm som etterkvart begynte å bli virkelig. Det har endelig gått opp for meg at det ikkje er lenge igjen til den endelige finala i Miss Universe Norway 2013. Det har vert ein utrulig reise der eg har lært mykje om meg sjølv og vist kva eg kan få til.

 

Fram til no har alle jentene vert på salgs, intervju og blogg kurs med Athina Brox, ein av fjorårets finalistar og Knut Yrvin, som blandt anna har vert med på Norske Talenter. Vi har hatt ein rekke fotoshoots med forskjellige fotografar. Og eg har vert så heldig å kunne hatt eit samarbeid med Edmond Yang, Piper Canphoto, Ketil Sætnan, Michael Sandøy, Per Eide, Raymond Lakshol fram til no.

 

b2ap3_thumbnail_9881_4694528541014_1744814273_n.jpg

 

Men eg har også vert så heldig å ha komt i kontakt med eit par andre fotografar som er villige til å ha eit kreativt samarbeid med meg etter konkurransen er over! Så denne epoken i livet mitt endar nok ikkje heilt enda, det starta med Miss Universe Norway, men denne bransjen har blitt ein del av livet mitt, og enda viktigare, ein del av meg.

Konkurransen har hjelpt meg å forme meg til ein person som eg likar å sjå i speilet. Den har gitt meg sjølvtillit, nye erfaringar og ikkje minst nye vennar. Og det er noko som aldri kjem til å forandre seg uansett utfallet på finalen.

 

b2ap3_thumbnail_1292064_10153219147125375_1358175665_o.jpg

 

Før Miss Universe Norway så levde eg eit middelmådig og småkjedelig liv som eg ikkje viste kordan eg skulle komme meg ut av. Kvardagen handla kun om jobb, mat og søvn. KVAAAR DAG, og eg var så lei eg hadde lyst til å skrike. Eg følte at eg aldri kom til å komme meg ut av dette A4 livet. Heilt til eg blei kjent med Marie Molo Peter som introduserte meg til Miss Universe Norway og bad meg om å bli med. Dette var min sjanse, og eg tok den. 

I dag består kvardagen min mykje av telefonar, e-postar og reising rundt omkring i landet. Hovudet svirrar av nye idear og spontane utbrudd. Men eg elskar det, eg får ein følelse av at energien og tida mi blir brukt til noko nyttig og berikande. Oppmerksomheita, responsen og støtta frå nærmiljøet, vennar og familie har vert overveldande, og eg kunne virkelig ikkje ha gjort dette uten å vite at dei er glade i meg og støttar meg i alt eg gjer. Eg er så utrulig takknemlig, og føler meg heldig for å berre vere meg sjølv. 

 

b2ap3_thumbnail_858306_444725758933600_4785148_o_20130925-001720_1.jpg

 

Tidligare har eg reklamert i Vikebladet og Herøynytt for det fantastiske utdanningstilbodet innen kokkeyrket som eg sjølv er involvert i, og som er storfornøyd med. Nemlig å vere halve læretida ombord ein båt og den andre halvdelen på eit hotell i Sogn og Fjordane. Dette gjor eg for å gjere ungdommar innen dette faget oppmerksom på denne utdanningsforma og for å søke. 

 

b2ap3_thumbnail_Island-Offshore-Britt-Rekkedal-HN.jpg

 

Ein av mine hjertesaker har vert å hjelpe til i Fritidsklubben, gjennom reklame i Vestlandsnytt og å faktisk vere der på fredagskveldane. Dei gjer ein utrulig fin innsats for å skape eit trygt, hyggelig og ikkje minst RUSFRITT miljø rundt ungdommane. Og eg håpar at antallet oppmøtte kjem til å øke enda meir. 

 

Ein annen hjertesak eg har engasjert meg i er ''Nourish the children''. Eg har blitt medlem av ei gruppe mennesker som gir ein del av sin tid, goder og lønninger til fattige områder i Afrika. Der heile landsbyar blir hjelpt med skulegang, mat og reint drikkevatn. 

 

Eg kom inn i konkurransen med eit klart budskap, eg vil gjere ein innsats for nærområdet mitt og vere eit godt forbilde, avskaffe janteloven og inspirere ungdommar til å følgje drøymane sine og finne sin eigen vei.

I dag var min siste personlige eksamen i forbindelse med konkurransen, nemlig å holde eit inspirasjonsforedrag for 10. klasse på Vartdal Ungdomsskule! Eg var nok litt nervøs i begynnelsen, men nervane roa seg etterkvart og eg fikk fram budskapet mitt. Nemlig å drite i jantelova og tørre å drøyme stort! Eg snakka rett i frå hjertet mitt, og eg trur eg tente nokon gnistar i løpet av den skuletimen. Etter den skuletimen er eg er fylt av glede for å endelig kunne nå eit av mine ambisjonar, nemlig å personlig inspirere nokon til å følgje drøymane sine. Det fins få gleder som er større enn å kunne påvirke nokon sitt liv mot det positive, og det har eg gjort i dag.

 

b2ap3_thumbnail_P1230272.JPG

 

 

 

 

 

 

Stem på meg ved å sende "MISSU 6 til 1963"
Kjære dommere, her er min Miss Universe reise
 

Kommentarer

Already Registered? Login Here
Ingen kommentarer
Påmelding for 2021

Påmelding til Miss Norway 2020 er avsluttet, og vi har nå satt igang påmelding til 2021. Vi har løpende uttak, og de som blir tatt ut får beskjed på e-post etter at finalen i 2020 er avholdt på sommeren.

Beste hilsener fra Helene Abildsnes, Miss Norway 2019

Logg inn

Meld deg på