No sitt eg på gardermoen flyplass og ventar spent på flyet mitt som fer kl. 16.05 til Doha og deretter vidare til Bali med ein liten mellomlanding i Singapore. Har ikkje ord for kor mykje eg har sett fram til denne turen og å sjå igjen bestevenninda mi Silje som har studert PT ved Gateway college der i over 3 mnd. Skal bli godt å sjå hinne igjen!
Eit par av attraksjonane eg har lyst å få med meg på Bali er Gili islands. Dykking, lokalmaten og solnedgangen fra toppen av hovudøya er av dei tinga eg har lyst å oppleve.
![]()
Trekking på vulkanen Batur er også ein prioritet denne turen, har aldri gått på ein vulkan før. Og eg tenkjer at det hadde vert verdt turen opp.
![]()
Men vi får sjå kva eg rekk å få med meg denne turen, veit aldri kva eg og Silje kan finne på. :)
Viss du kunne reise kor som helst i verden om ein time, kvar ville du reist og kvifor?
-Britt Roselyn Camillo Rekkedal