fbpx

Inspirasjonsforedrag

Inspirasjonsforedrag

Har vert ein veldig spennande veke, og nå er eg snart klar for finala. Men ikkje før eg har gjort det eg har lovt nærsamfunnet mitt og oppfylt eit av mine ambisjoner. Nemlig å halde eit inspirasjonsforedrag for dei unge og lovande. Og på fredag er den første dagen! Gler meg så inderlig. Håper på stort oppmøte, spesielt nå når eg har reklamert for det i Vestlandsnytt.

 

b2ap3_thumbnail_photo.JPG

 

KOMKOMKOM jente og guta! :D det blir show-walk , sminke og poseringskurs for dei som vil det. Og resten av kvelden skal vi berre kose oss med spel, fotball og mykje anna gøy. Så spre ordet vidare, ta med venner og godt humør, så skal vi få det kjempe kjekt ilag!

  1311 Hits
1311 Hits

Fritidsklubben i Fosnavåg

Fritidsklubben i Fosnavåg

I kveld har eg då vert saman med Melissa Nerland på fritidsklubben i Fosnavåg. Fritidsklubben er eit samlingspunkt for unge jenter og gutar som kan komme og sosialisere seg i sunne og trygge miljø. På denne klubben så kan ein gjerne spele spel, sparke fotball og diverse andre aktivitetar saman med gode vennar. Og ofte er der ulike temakveldar med som quiz, spooky night, LAN osv. for å lage fredagskveldane litt artige for ungdommen.

 

Eg tykjer at dette er eit flott arrangement her i Fosnavågen, det er viktig å halde ved like og støtte slike klubbar for å gi dei unge eit fint alternativ til ein fredagskveld som kanskje berre hadde gått til å vere heime aleine uten nokon å vere saman med. Medan her er det eit alkoholfritt og likevel sosial plass å vere.

 

I kveld var det litt dårlig oppmøte, men eg håpar at eg kan hjelpe litt til med å snu dette og gjere folk oppmerksomme på denne klubben og rett og slett ha det gøy saman med andre ein vanligvis kanskje ikkje hadde tatt kontakt med til vanlig og lære noko av kvarandre. 

  1609 Hits
1609 Hits

Fotoshoots, Oslo, Tjøme

Fotoshoots, Oslo, Tjøme

Den siste veka har eg hatt mykje på agendaen og dagane har vert langt ifrå kjedelige. Eg har vert så heldig å komme i kontakt med fleire fotografar som har vert villige til å bruke litt av tida si til å ha forskjellige fotoshoots med meg. Eg har lært så utrulig mykje og ikkje minst følt framgong i konkurransen.

 

b2ap3_thumbnail_1240661_4726275534669_1025049362_n.jpg

Fotograf: Piper Canphoto i Oslo

 

Har også vert på mange dagsturar rundt omkring i og utanfor Oslo den veka eg var der. Asker, Lysaker og Sofiaparken er nokre nevneverdige plassar med ein viss sjarm. Men den vakraste plassen var på Tjøme ved verdens ende litt utanfor Tønsberg. For ein nydelig og inspirerande plass! Til alle som ikkje har besøkt verdens ende burde virkelig ta seg ein tur, det er virkelig ein av Norges skattar. 

 

b2ap3_thumbnail_1000-ved-verdens-ende.jpg

 

 

 

 

  1722 Hits
1722 Hits

22. Juli

22. Juli

22. Juli er ein dag alle huskar. Norge blei fråstjelt 77 liv av ein grusom mann. Ein av dei var min barndomsvenn Guro Vartdal Håvoll frå Vartdal.

 

b2ap3_thumbnail_guro.jpg

 

Vartdal er ei lita bygd som er veldig knytta til kvarandre. Eg og Guro gjekk på barnehagen ilag og blei fort gode vennar, men etter eg flytta frå Vartdal då eg var 6 år så mista eg ein del kontakt med vartdalsgjengen. Eit par år seinare begynte eg å ta meir kontakt med dei igjen, vi alle hadde forandra oss og utvikla forskjellige interesser. Guro var veldig glad og engasjert i politikken, og var kanskje den som hadde utvikla seg raskast mentalt. Vi andre forstod ikkje heilt denne interessen og var ikkje heilt på samme bølgjelengde, og kansje ikkje så støttande i det ho gjorde. Men vi var medlem i vartdalsgjengen og var glade i kvarandre. 

 

b2ap3_thumbnail_285795_10151076637520636_1496081788_n.jpg

 

Eg hugsar alt frå den dagen, følelsane mine, panikken og kaoset. Mamma hadde ringt meg tidlig på dagen for å sei til meg at systra mi og pappa ikkje burde fare til Oslo pga bombingane. Eg fekk litt sjokk av denne nyheita så eg bestemte meg for å følgje med på radioen kva som hadde skjedd. Så høyrte eg om skytedramaet på Utøya, Arbeidarpartiet's sommarleir, der Guro skulle vere. Eg må innrømme at eg i begynnelsen ikkje skjønte nokon ting, dette skjer ikkje i Noreg, det skal ikkje vere mulig. Eg gjekk inn for å få meir informasjon på facebook og nyheitene. Men ingen viste noko meir enn det vi alle viste, minst 9 personar drept og fleire skadde. Eg tenkte for meg sjølv at dette talet kan ikkje stemme om vitna sei at ein person skyter villt på ein sommarleir, talet må vere høgare og vi har enda ikkje høyrt noko frå Guro. Panikken stiger og alle jentene ringer til kvarandre etter informasjon og støtte. Vi held kontakta gjennom facebook longt på natta og får sjokkbeskjeden kl 4 om natta, OVER 80 DREPTE! Eg brast i gråt og ringte mamma, ho prøvar å trøste men det hjelp lite. Denne magefølelsen har eg hatt ein gong før, og eg kjenner den igjen frå 12 April 2007 då Bourbon Dolphin forliste utanfor Shetland. Følelsen av å henge seg fast ved ein syltynn tråd av falskt håp, kvalme og sinne. 

 

Tidlig neste dagen samlast jentegjengen for å støtte kvarandre, det einaste som betydde noko var å vere samla. Vi gråt, mimra om gode tider, fylte med på nyheitene og klamra oss fast til telefonen. Det kom lite nytt, vi var våkne heile natta og utslitte. Eg trur vi alle egentlig hadde skjønt kva situasjonen var, men ville ikkje sjå realiteten heilt enda.

 

Eit par dagar seinare kom beskjeden om at ho hadde blitt drept, eg viste det egentlig. Men å få det bekrefta var uansett forferdelig. 

 

Ved begravelsen til Guro møtte eg og vartdalsgjengen kjæresten hennar for første gong. Han skreiv ei bok om deira kjærligheit ved namn 21. Juli - en kjærlighetshistorie. Det er ei nydelig bok om deira korte tid saman og om tankane til Kristoffer. Det tok ei stund før eg leste boka, eg turte rett og slett ikkje. Men eg er glad eg gjorde det, det vekte så mange fine minner frå barndommen, latteren, gleden og smilet hennar. Og eg er glad for at ho fekk oppleve kjærleiken i sitt korte men betydningsfulle liv. 

 

b2ap3_thumbnail_320x.jpg

 

I seinare tid har eg tenkt og reflektert MYKJE over dette. Livet går vidare, og eg lærte mykje om meg sjølv av Guro. Eg beundrar engasjementet ho hadde for politikken og heimekommuna. Ho jobba hardt og gjorde ein forskjell, og hadde ho levd lenger så er eg sikker på at ho hadde fortsett med dette og blitt til noko stort ein dag. Eg er ikkje heilt der enda, men eg skal jobbe med å verte ein beundringsverdig person som kan gjere ein forskjell ein dag, men på min egen måte. 

 

 

 

  2607 Hits
2607 Hits

Life at sea

Life at sea

Ein del folk er vell litt nysgjerrige og intressert i kva livet på sjøen har å by på og kordan ein kan begynne å jobbe på sjø. Så no skal eg fortelle det eg gjorde og mine opplevingar på båten Island Constructor.

 

Frå rundt 10. klasse hadde eg bestemt meg for å bli stuert eller første kokk på plattform eller båt. Eg fullførte skulen og begynte læretida mi på Alexandra hotell i Loen. I det læreprogrammet eg tar så jobbar ein halve praksistida si på eit hotell og resten på Constructor. Men før eg kunne komme ombord så måtte eg ta to kurs som heiter IMO 60 og Helivelt, noko som er minstekravet for å jobbe på ein båt. På IMO 60 kurset lærte eg ein del teori om røykdykking, førstehjelp og HMS (Helse, miljø og sikkerheit), og fekk praktisere dette. Men det mest spennande og gøyaste var helivelten. Der simulerte dei eit helikopter som må nødlande på sjøen, og viste oss kordan vi må komme oss ut. Vi fekk prøve redningsdraktene og alt mulig spennande utstyr! Eg storkoste meg, men var utrulig sliten etter kurset som eg tok ved Nosefo i Bergen.

 

b2ap3_thumbnail_7734_156428305824_1311110_n.jpg

 

Første gangen eg kom ombord båten var eg ganske nervøs. Det var mange nye folk og mykje å sette seg inn i. Men eg vart teken inn i gjengen med opne armar, og eg elskar jobben min. Eg grur meg allerede til siste turen min i September, og håpar at eg seinare kan få jobbe med denne fantastiske gjengen.

 

 

  1362 Hits
1362 Hits

Fotoshoots in the cold

Fotoshoots in the cold

Ein av dei obligatoriske bilda vi må ha for innsending til USA er heilfigur i bikinibilde. De har ingen aning på kor mykje eg har grudd meg og utsatt denne fotoshooten over lang tid no. I begynnelsen så ville eg egentlig ha ei jente til å ta denne shooten sidan eg tenkte at det kom til å bli ubehagelig å posere i ein bikini for ein av det motsatte kjønn. Men eg angrar ikkje eit einaste sekund på at eg valgte Edmond til å ta desse bilda. Han er ein utrulig flink fotograf, eg følte ikkje noko ubehag og eg hadde det kjempe kjekt. 

 

b2ap3_thumbnail_2Sa0R-vE-XgWDtGjsPsRGtnzW6DwMJttFbCMdCeSpI8.jpg

 

Dette er nå min andre fotoshoot med Edmond Yang ved Yangmedia, og denne gongen fekk vi hjelp av Maria Yang som fotoassistent. Det var ikkje mange gradene ute i går, regn overskyet og vind. Heldigvis var det verdt å trosse vær og kulde for bilda blei fantastiske.

 

b2ap3_thumbnail_uTRgLcl_Bz0_f-IhTx3sslFbjf-OmDFqjVHdZ_JW0L0.jpg

 

Vi hadde også ein diskusjon om det var kaldare på denne shooten enn sist gang, og eg må heilt ærlig sei. Det var mykje kaldare å posere i kjole ved soloppgang, enn å ha ein bikinishoot i regnet.

  1791 Hits
1791 Hits
Påmelding for 2021

Påmelding til Miss Norway 2020 er avsluttet, og vi har nå satt igang påmelding til 2021. Vi har løpende uttak, og de som blir tatt ut får beskjed på e-post etter at finalen i 2020 er avholdt på sommeren.

Beste hilsener fra Helene Abildsnes, Miss Norway 2019

Logg inn

Meld deg på