fbpx

Fotoshoot for Ørsta Amfi

Fotoshoot for Ørsta Amfi

Nå skal eg endelig fortelle litt om den store fotoshooten som eg hadde for Amfi Ørsta. Dagen begynte med ein liten hårklipp og hårstyling på Chess frisør med ei søt jente ved namn Camilla Høydal Myklebust. Vi bestemte oss for å lage ein litt allsidig og søt hårsttyling med romantiske bølger, også var eg så heldig at Tilseth Ørsta AS sponsa meg med ein nokre fine blomster som eg kunne ha i håret. Og resultatet blei utrulig bra! Deretter hadde eg først ein fotoshoot med ein lang svart og kvit kjole frå Miss B utanfor Amfi. 

 

Etter fotoshooten i Ørsta så drog vi til Alexandra hotell, og eg var så heldig med været at mesteparten av fotoshooten foregjekk ute i fineværet. Var utrulig artig å ha min første fotoshoot ute blandt folk og i naturen. Eg blei meir inspirert og det var deilig å kunne eksperimentere litt. Randi og hennar assistent Joakim, lærte meg ein del nyttinge ting å vite om fotografering, lys og utnytting av reflektor og diffusor. Fotografering er virkelig ein vakker kunst der ein treng mykje kunnskap. Hatten av til alle talentfulle fotografar der ute! 

 

Etter 10 timar med fotografering, klesbytting og ein del bilkjøring så var eg endelig heime og kunne slappe av. Nå er jobben min gjort for denne fotograferinga og resten får eg legge i Randi Nordnes sine hender. Gleder meg til resultatet! 

 

Eg vil gjerne takke:

-Tilseth Ørsta AS 

-Chess frisør for hårstyling 

-Cubus 

-Kapphal

-Miss B

-Skoringen/bagOrama

-Street One

-Vero Moda

-Intersport

 

Tusen takk for at dokke har gitt meg sjansen til å få stå modell for produkta dokke har å tilby, og eg håpar at dykk blir fornøgd med det endelige resultatet av bilda og at eg får vist dei fram så mykje som mulig. 

Bilda skal eg laste opp så snart dei er ferdig redigerte.

Just finished my interview with Radio Prime Halden...
Møte med Blå Kors

Relatert

 

Kommentarer

Already Registered? Login Here
Ingen kommentarer
Påmelding for 2021

Påmelding til Miss Norway 2020 er avsluttet, og vi har nå satt igang påmelding til 2021. Vi har løpende uttak, og de som blir tatt ut får beskjed på e-post etter at finalen i 2020 er avholdt på sommeren.

Beste hilsener fra Helene Abildsnes, Miss Norway 2019

Logg inn

Meld deg på