fbpx

Island Offshore og opplæringskontoret i Sogn og Fjordane

Island Offshore og opplæringskontoret i Sogn og Fjordane

Denne dagen starta tidleg med forbereding og faktaopplysningsmøte med Svein Magne Tenfjord ved Island Offshore. Vi snakka litt om kordan denne ordninga starta og kvifor den blei oppretta, før vi hadde eit intervju med Joar Ødegård frå Herøynytt. 

 

I dag så har Island offshore 8 læreplassar med denne ordninga der dei tek opp 4 nye lærlingar kvart år. Lærlingane kjem ombord Island Constructor som er ein båt som er klassifisert som avansert flyttbar innretning, og dermed har ordninga med 2 veker ombord og 4 veker fri. Ein jobbar 50/50 på land og på sjøen. Hotella som Island Offshore har eit samarbeid med er Knutholmen AS, Alexandra hotell Loen og Quality hotell Sogndal. Orginalt så var denne ordninga berre eit prøve prosjekt, men som har vist seg å verte ganske populær og eit tiltrekkande tilbud for dei som skal søke læreplass. Det fine med denne ordninga er at ein får opplæring både på sjø og på land, ein får det beste av to retningar og fleire kontakter og referansar for jobb seinare i livet. Ein kan bli ein veldig attraktiv arbeidar innen kokkeyrket. Og før ein dreg ut på sjøen så er der folk som sørgar for at du har alle dei nødvendige kursa på plass. Nemlig helivelt, imo 60 og OLF kurs, som også er minstekravet for å jobbe på båt. Ein annan muligheit denne ordninga tilbyr er muligheita til å jobbe 1-2 mnd i anten Murcia i Spania eller La Rochelle i Frankrike på eit Leonardo stipend. 

 

Denne erfaringa for meg har vert heilt fantastisk. Eg er sjølv med på denne ordninga og vil gjerne opplyse andre som skal ta ei utdanning innen kokkeyrket å prøve ut dette programmet. 

 

Sjekke ut artikkelen her: 

http://heroynytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=6079

 

Resten av dagen har gått til fleire møter og telefonar på evig leiting etter nye oppdrag og sponsorar. Ønsk meg lykke til!

 

  1811 Hits
1811 Hits
Påmelding for 2021

Påmelding til Miss Norway 2020 er avsluttet, og vi har nå satt igang påmelding til 2021. Vi har løpende uttak, og de som blir tatt ut får beskjed på e-post etter at finalen i 2020 er avholdt på sommeren.

Beste hilsener fra Helene Abildsnes, Miss Norway 2019

Logg inn

Meld deg på