Ein del folk er vell litt nysgjerrige og intressert i kva livet på sjøen har å by på og kordan ein kan begynne å jobbe på sjø. Så no skal eg fortelle det eg gjorde og mine opplevingar på båten Island Constructor.
Frå rundt 10. klasse hadde eg bestemt meg for å bli stuert eller første kokk på plattform eller båt. Eg fullførte skulen og begynte læretida mi på Alexandra hotell i Loen. I det læreprogrammet eg tar så jobbar ein halve praksistida si på eit hotell og resten på Constructor. Men før eg kunne komme ombord så måtte eg ta to kurs som heiter IMO 60 og Helivelt, noko som er minstekravet for å jobbe på ein båt. På IMO 60 kurset lærte eg ein del teori om røykdykking, førstehjelp og HMS (Helse, miljø og sikkerheit), og fekk praktisere dette. Men det mest spennande og gøyaste var helivelten. Der simulerte dei eit helikopter som må nødlande på sjøen, og viste oss kordan vi må komme oss ut. Vi fekk prøve redningsdraktene og alt mulig spennande utstyr! Eg storkoste meg, men var utrulig sliten etter kurset som eg tok ved Nosefo i Bergen.
Første gangen eg kom ombord båten var eg ganske nervøs. Det var mange nye folk og mykje å sette seg inn i. Men eg vart teken inn i gjengen med opne armar, og eg elskar jobben min. Eg grur meg allerede til siste turen min i September, og håpar at eg seinare kan få jobbe med denne fantastiske gjengen.