fbpx

Oslo city!

Oslo city!

I dag fekk eg ein gledelig overraskelse. Eg gjekk på butikken for å gi mamma ein hadekos før eg skulle reise til Oslo og Bali (på mandag). Og så kjem ei venninde av meg og seier at eg det var blitt skreven ein artikkel om meg i både vestlandsnytt og møre. Eg for mot disken og der såg eg det, det var til og med eit bilde av meg på framsida! GLEDE :D

 

Og no har eg ankomt Oslo og er klar for kurs med Knut Yrvin på Rica Victoria Hotell. Dette kurset har eg virkelig sett fram til. Eg tenkjer at eg kjem til å lære mykje nyttig som eg kan bruke framover, ikkje berre i konkurransen men til vidare jobbsøking også! Men det er castingen som virkelig sitt i tankane mine no. Eg gru/gler meg og er rett og slett nervøs. Har aldri vert på ein casting før, så wish me luck! Gleder meg også til å møte dei andre deltakerane. Lykke til jenter:) 

 

 

2286 Hits

Island Offshore og opplæringskontoret i Sogn og Fjordane

Island Offshore og opplæringskontoret i Sogn og Fjordane

Denne dagen starta tidleg med forbereding og faktaopplysningsmøte med Svein Magne Tenfjord ved Island Offshore. Vi snakka litt om kordan denne ordninga starta og kvifor den blei oppretta, før vi hadde eit intervju med Joar Ødegård frå Herøynytt. 

 

I dag så har Island offshore 8 læreplassar med denne ordninga der dei tek opp 4 nye lærlingar kvart år. Lærlingane kjem ombord Island Constructor som er ein båt som er klassifisert som avansert flyttbar innretning, og dermed har ordninga med 2 veker ombord og 4 veker fri. Ein jobbar 50/50 på land og på sjøen. Hotella som Island Offshore har eit samarbeid med er Knutholmen AS, Alexandra hotell Loen og Quality hotell Sogndal. Orginalt så var denne ordninga berre eit prøve prosjekt, men som har vist seg å verte ganske populær og eit tiltrekkande tilbud for dei som skal søke læreplass. Det fine med denne ordninga er at ein får opplæring både på sjø og på land, ein får det beste av to retningar og fleire kontakter og referansar for jobb seinare i livet. Ein kan bli ein veldig attraktiv arbeidar innen kokkeyrket. Og før ein dreg ut på sjøen så er der folk som sørgar for at du har alle dei nødvendige kursa på plass. Nemlig helivelt, imo 60 og OLF kurs, som også er minstekravet for å jobbe på båt. Ein annan muligheit denne ordninga tilbyr er muligheita til å jobbe 1-2 mnd i anten Murcia i Spania eller La Rochelle i Frankrike på eit Leonardo stipend. 

 

Denne erfaringa for meg har vert heilt fantastisk. Eg er sjølv med på denne ordninga og vil gjerne opplyse andre som skal ta ei utdanning innen kokkeyrket å prøve ut dette programmet. 

 

Sjekke ut artikkelen her: 

http://heroynytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=6079

 

Resten av dagen har gått til fleire møter og telefonar på evig leiting etter nye oppdrag og sponsorar. Ønsk meg lykke til!

 

2508 Hits
Påmelding for 2024

Meld deg på 2024-sesongen av Miss Norway. Vi gleder oss til å se deg i konkurransen!

Det som skjer nå er fortløpende uttak. Gitt at bilder og informasjon er på plass, blir du invitert til obligatorisk introduksjonskurs høsten 2023 og vinter 2024. Det er lurt å følge med på årets vinnere og nye deltagere, for å lære hva konkurransen går ut på. Vi gleder oss til å se din påmelding!

Trykk her for mer informasjon og påmelding

Beste hilsener fra Ida Anette Hauan, Miss Norway 2022

Logg inn

Meld deg på