fbpx

22. Juli

22. Juli

22. Juli er ein dag alle huskar. Norge blei fråstjelt 77 liv av ein grusom mann. Ein av dei var min barndomsvenn Guro Vartdal Håvoll frå Vartdal.

 

b2ap3_thumbnail_guro.jpg

 

Vartdal er ei lita bygd som er veldig knytta til kvarandre. Eg og Guro gjekk på barnehagen ilag og blei fort gode vennar, men etter eg flytta frå Vartdal då eg var 6 år så mista eg ein del kontakt med vartdalsgjengen. Eit par år seinare begynte eg å ta meir kontakt med dei igjen, vi alle hadde forandra oss og utvikla forskjellige interesser. Guro var veldig glad og engasjert i politikken, og var kanskje den som hadde utvikla seg raskast mentalt. Vi andre forstod ikkje heilt denne interessen og var ikkje heilt på samme bølgjelengde, og kansje ikkje så støttande i det ho gjorde. Men vi var medlem i vartdalsgjengen og var glade i kvarandre. 

 

b2ap3_thumbnail_285795_10151076637520636_1496081788_n.jpg

 

Eg hugsar alt frå den dagen, følelsane mine, panikken og kaoset. Mamma hadde ringt meg tidlig på dagen for å sei til meg at systra mi og pappa ikkje burde fare til Oslo pga bombingane. Eg fekk litt sjokk av denne nyheita så eg bestemte meg for å følgje med på radioen kva som hadde skjedd. Så høyrte eg om skytedramaet på Utøya, Arbeidarpartiet's sommarleir, der Guro skulle vere. Eg må innrømme at eg i begynnelsen ikkje skjønte nokon ting, dette skjer ikkje i Noreg, det skal ikkje vere mulig. Eg gjekk inn for å få meir informasjon på facebook og nyheitene. Men ingen viste noko meir enn det vi alle viste, minst 9 personar drept og fleire skadde. Eg tenkte for meg sjølv at dette talet kan ikkje stemme om vitna sei at ein person skyter villt på ein sommarleir, talet må vere høgare og vi har enda ikkje høyrt noko frå Guro. Panikken stiger og alle jentene ringer til kvarandre etter informasjon og støtte. Vi held kontakta gjennom facebook longt på natta og får sjokkbeskjeden kl 4 om natta, OVER 80 DREPTE! Eg brast i gråt og ringte mamma, ho prøvar å trøste men det hjelp lite. Denne magefølelsen har eg hatt ein gong før, og eg kjenner den igjen frå 12 April 2007 då Bourbon Dolphin forliste utanfor Shetland. Følelsen av å henge seg fast ved ein syltynn tråd av falskt håp, kvalme og sinne. 

 

Tidlig neste dagen samlast jentegjengen for å støtte kvarandre, det einaste som betydde noko var å vere samla. Vi gråt, mimra om gode tider, fylte med på nyheitene og klamra oss fast til telefonen. Det kom lite nytt, vi var våkne heile natta og utslitte. Eg trur vi alle egentlig hadde skjønt kva situasjonen var, men ville ikkje sjå realiteten heilt enda.

 

Eit par dagar seinare kom beskjeden om at ho hadde blitt drept, eg viste det egentlig. Men å få det bekrefta var uansett forferdelig. 

 

Ved begravelsen til Guro møtte eg og vartdalsgjengen kjæresten hennar for første gong. Han skreiv ei bok om deira kjærligheit ved namn 21. Juli - en kjærlighetshistorie. Det er ei nydelig bok om deira korte tid saman og om tankane til Kristoffer. Det tok ei stund før eg leste boka, eg turte rett og slett ikkje. Men eg er glad eg gjorde det, det vekte så mange fine minner frå barndommen, latteren, gleden og smilet hennar. Og eg er glad for at ho fekk oppleve kjærleiken i sitt korte men betydningsfulle liv. 

 

b2ap3_thumbnail_320x.jpg

 

I seinare tid har eg tenkt og reflektert MYKJE over dette. Livet går vidare, og eg lærte mykje om meg sjølv av Guro. Eg beundrar engasjementet ho hadde for politikken og heimekommuna. Ho jobba hardt og gjorde ein forskjell, og hadde ho levd lenger så er eg sikker på at ho hadde fortsett med dette og blitt til noko stort ein dag. Eg er ikkje heilt der enda, men eg skal jobbe med å verte ein beundringsverdig person som kan gjere ein forskjell ein dag, men på min egen måte. 

 

 

 

×
Stay Informed

When you subscribe to the blog, we will send you an e-mail when there are new updates on the site so you wouldn't miss them.

Sammen står vi sterkere!
Filming med Dagbladet

Relatert

 

Kommentarer

Already Registered? Login Here
Ingen kommentarer
Påmelding for 2025

Påmelding for 2024 er avsluttet. Meld deg på 2025-sesongen av Miss Norway. Vi gleder oss til å se deg i konkurransen!

Det som skjer nå er fortløpende uttak. Gitt at bilder og informasjon er på plass, blir du invitert til obligatorisk introduksjonskurs på høsten og vinteren. Det er lurt å følge med på årets vinnere og nye deltagere, for å lære hva konkurransen går ut på. Vi gleder oss til å se din påmelding!

Trykk her for mer informasjon og påmelding

Beste hilsener fra Miss Norway

Logg inn

Meld deg på